Første Ryfast-kontrakt ut på anbod

Første Ryfast-kontrakt ut på anbod

I dag blir det første store Ryfast-oppdraget lyst ut. Entreprenøren som får jobben skalbygge 14 kilometer tunnel.

  • Nyheter

Nokre Ryfast-fakta

Ryfast består av to hovuddelar:

  • Solbakktunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk vegtunnel mellom Solbakk i Strand
  • og bydelen Hundvåg i Stavanger.
  • Hundvågtunnelen: 5,5 kilometer undersjøisk tunnel mellom Hundvåg og Gamlingen i Stavanger.
  • Begge tunnelane blir bygd med to løp med to felt i kvar retning. Ryfast er avhengig av Eiganestunnelen, med tanke på finansiering, planar og anlegg.
  • Eiganestunnelen:
  • Ny tunnel frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Tunnelen blir 3,7 kilometer lang, med to løp og fire køyrefelt.
  • Eiganes nord: 2,3 kilometer lang firefelts vegstrekning frå Byhaugtunnelen til Smiene på Tasta.

 

Målet har heile tida vore å lyse ut kontrakten på halve Solbakktunnelen før jul. Framdriftsplanen seier start frå Solbakk på Jørpeland rundt påsken neste år.

- Vi har sett 19. april som startdato for bygginga, konkretiserer Anne-Merete Gilje i Statens vegvesen. Ho er delprosjektleiar for Ryfast.

- Dette er ein milepæl i prosjektet. Eg er veldig spent på prisen, kor mange som vil ha jobben og om utanlandske entreprenørar leverer inn tilbod åleine eller i kompaniskap. Interessa er iallfall stor, for mange har teke kontakt. Seinast i sist veke var ein spansk delegasjon på besøk, fortel Gilje.

 

Stor interesse frå entreprenørane

Interessa for prosjektet er utvilsam stor. Då Statens vegvesen arrangerte informasjonsdag for entreprenørbransjen tidlegare i haust, møtte rundt 100 personar frå norske og utanlandske selskap.

27. februar er anbodsfristen. Den som vinner kontrakten skal bygge den eine halvdelen av den 14,3 kilometer lange Solbakktunnelen, frå Solbakk til Hidle. Som kjent er det ein tunnel med to løp, så totalt er det snakk om rundt 14 kilometer med tunnel som skal byggast i denne omgang.

- Eg er spent på marknaden, men reknar med at ein så stor kontrakt er interessant for entreprenørar, seier delprosjektleiar Anne-Merete Gilje.

 

Forsiden akkurat nå