Fyrste Rogfast-kontrakt kunngjort

Den fyrste av fem entreprisar på Rogfast-prosjektet er no lyst ut. Kontrakten gjeld prosjektering og driving av to parallelle adkomst- og ventilasjonstunnelar, kvar med ei lengd på 1 980 meter. Anbodsfristen er satt til 28. september.

Redaksjonen Våre Veger
12. juli 2017 - 10:42

- Dette er ein merkedag for oss som arbeider med det som skal bli lengste og den djupaste undersjøiske vegtunnelen til verda, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

Det er kontrakten på tverrslaga/transporttunnelen i nord Rogaland, ved Arsvågen ferjekai, som no er lyst ut. Dette er ein av to mindre entreprisar og kontrakten er på to parallelle tunnelar som også skal brukast som ventilasjonstunnelar når Rogfast opnar. Lengda er 1,9 kilometer, og etter planen skal den fyrste salven bli skoten i starten på 2018.

Den neste kontrakten blir kunngjord til hausten, dette er også ein transporttunnel, men frå Mekjarvik i Randaberg kommune.

Den fyrste av tre store kontraktar blir etter planen lyst ut i slutten av 2017.

- Vi veit at det er fleire entreprenørar som ønskjer å vere med å konkurrere om nokre av dei største tunnelkontraktane som er inngått i Noreg - også frå utanlandske entreprenørar er interessa stor, seier Espedal.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.