NYHETER

-Noreg treng tydelege krav til sikre vegar

Statens havarikommisjon sin rapport frå dødsulukka i Søgne på E39 i september 2010 viser at Noreg har langt igjen når det gjeld å definere ein standard for trafikksikre vegar.

Fire personer omkom i en kollisjon mellom en lastebil og en personbil på E39 i Søgne i Vest-Agder i september 2010.
Fire personer omkom i en kollisjon mellom en lastebil og en personbil på E39 i Søgne i Vest-Agder i september 2010. Bilde: Tor Erik Schrøder, Scanpix
Redaksjonen Våre Veger
30. nov. 2012 - 13:49

- Dersom ein stiller krav til ein sikker førar og til eit sikkert køyretøy bør ein òg ha tydelege krav til kva som er ein sikker veg, seier direktør i Vegtilsynet, Trude Tronerud Andersen.

 

Manglande vegperspektiv

Vegtilsynet har gjennomgått rapporten frå Statens Havarikommisjon og ynskjer større merksemd kring vegen si rolle ved trafikkulukker.

    Dersom tilhøve ved veginfrastrukturen ikkje er medverkande årsak til ulukka eller til skadegrad, meiner Vegtilsynet at slike konklusjonar bør komme fram i rapporten.  Viss årsaken til at vegperspektivet er utelatt er at det ikkje finst klare krav til Statens vegvesen, bør rapporten likevel kunne komme med tilrådingar som viser ønska sikkerheitsnivå på vegen.

    - Det er for enkelt å legge ansvaret på førar og køyretøy når trafikkulukker skal forklarast, meiner  Tronerud Andersen. - Skal vi lære av ulukkene må vi sjå dei som systemfeil der førar, køyretøy og veg er variablar i ei samla forståing.

 

Må tenke nytt

Tronerud Andersen meiner vi må tenkje nytt dersom vi skal komme vidare i arbeidet med færre alvorlege ulukker. - Ideelt sett skulle vi hatt så sikre vegar at det ikkje er fare for liv og helse sjølv om feil vart gjort, meiner ho. - I den verkelege verda er det eit stykke fram, og på vegen dit kan det å fastsetje minimumskrav vere fornuftig.

 

Skal føre tilsyn med Statens vegvesen

Vegtilsynet vil gjennom tilsynsprogrammet i 2013, og frametter, gjennomføre fleire tilsyn som tek for seg system og praksis hjå Statens vegvesen når det gjeld sikkerheit på det eksisterande vegnettet.

    Mellom anna set den nye vegsikkerheitsforskrifta krav om at eventuelle manglar i sikkerheita på riksvegnett skal verte identifisert og handtert.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.