NYHETER

To entreprenørar vil bygge Eiganestunnelen

Arbeidsfelleskapet Bilfinger Construction/Stangeland Maskin AS hadde det lågaste tilbodet med 2,02 milliardar kroner.

17. des. 2013 - 14:26

- Vi konstaterer at vi fikk to tilbydarar på denne kontrakten. Det er litt færre enn vi ideelt ynskte oss. Prisane ligg også i overkant av det vi hadde venta oss. Dette speglar nok at dette er den mest krevjande kontrakten i prosjektet, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord. Den andre entreprenøren som har levert tilbod er Skanska Norge AS, med 2,15 milliardar kroner.

 

Omfattande jobb

Nå skal tilboda kontrollreknas, før det blir bestemt kven som får kontrakten. Entreprenøren som får jobben skal mellom anna bygge 3,7 kilometer tunnel med to løp under Stavanger. Eiganestunnelen går frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Prosjektet består av fem kilometer med ny firefeltsveg, der 3,7 kilometer er Eiganestunnelen.

Anlegget blir bygd for å betre avviklinga av trafikken på E39, for å redusere talet på ulukker, avlaste dagens lokalveger og betre miljøet. Selskapet som får kontrakten har ein omfattande jobb føre seg. I tillegg til bygginga av sjølve Eiganestunnelen, får entreprenøren mellom anna også oppgåva med å bygge nærmare ein kilometer av Hundvågtunnelen, bygging av eit omfattande system av av- og på-rampar og ein kilometer ny veg mellom Schancheholen og rundkøyringa i Madlaveien. I tillegg kjem fire nye rundkøyringar, ein 160 meter lang miljøkulvert og ein kilometer av Sykkelstamvegen.

 

Byggestart neste år

Statens vegvesen reknar med byggestart i februar 2014. Store mengder masser skal hentast ut og fraktast vekk. I tunnelen er det snakk om rundt 800.000 kubikkmeter. På anlegga i dagen er det rundt 200.000 kubikkmeter med fjell. Det meste av steinen skal nyttast til utfylling i Jåttåvågen, der det skal byggast bustader og

Sikringa i Eiganestunnelen er svært omfattande, med injeksjon, boltar, sprøytebetong og betongelement. Eiganestunnelen skal stå klar til opning i 2019.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.