NYHETER

Transportband erstattar dumparer på Ryfast

Ryfast er truleg det første tunnelprosjektet i Norge som bruker transportband i staden for dumparar til å frakte steinen ut av tunnelen.

28. jan. 2014 - 14:42

Frå Solbakk i Strand kommune bygger Marti IAV Solbakk halvparten av den 14,3 kilometer lange Ryfylketunnelen, som blir verdas lengste undersjøiske vegtunnel.

 

Forureining og trygg ferdsel

Siste test er gjort, og Arbeidstilsynet har godkjent transportbandet. Frå denne veka er bandet i Ryfylketunnelen på Solbakk i drift. Entreprenøren har sjølv kome opp med transportband-løysinga. Interessa i fagmiljøet er meget stor. Dette er truleg første gang det blir brukt transportband i staden for dumparar til å frakte stein ut av ein vegtunnelanlegg i Norge.

– Luftkvaliteten i tunnelen blir mykje betre når trafikken går ned. Mindre trafikk bidreg også til tryggare ferdsel for dei som arbeider i tunnelen. Alt i alt er dette eit veldig godt tiltak for HMS-en i tunnelen, seier byggele og eit positivt bidrag til reduksjon av NOx-utslepp, seier Jens Petter Holmsen i Statens vegvesen.

Tryggleiken er eit viktig poeng for prosjektleiar i Marti IAV Solbakk, André Pas.

 

Gevinst

– Transportbandet gir ein stor HMS- og logistikkgevinst, seier Pas. Han poengterer at dumparar på det lengste måtte køyrt sju-åtte kilometer for å tømme tunnelmassen.

Tunnelmassen blir køyrt med hjullastarar frå eit mellomlager i tunnelen, via ein gjennomgangstunnel og tippa i knusaren. Knusaren tek steinblokker opp til ein kubikk og knuser til passande storleik. Frå knusaren går massen på belte og endar ferda i sjøen på Solbakk. Steinknusaren tygg cirka 350 tonn steinmasse i timen.

I mars kjem Marti IAV Solbakk til å arrangere ein open dag for interesserte i bransjen.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.