NYHETER

Vegtilsynet opna på Voss

Trygge vegar og færre alvorlege trafikkulukker er målet for Vegtilsynet som formelt opna på Voss den 20. juni. Det nye tilsynet skal føre tilsyn med Statens vegvesen sitt arbeid med riksvegane.

Direktøren for det nye Vegtilsynet, Trude Tronerud Andersen
Direktøren for det nye Vegtilsynet, Trude Tronerud Andersen
Redaksjonen Våre Veger
22. juni 2012 - 14:19

Etableringa av Vegtilsynet er ein auka innsats for sikrare vegar og ei vidareføring av nullvisjonen for arbeidet med trafikktryggleik. Sjølv om tilhøve ved vegen sjeldan er direkte utløysande årsak til ulukker, kan skadeomfanget i opp mot 30 prosent av alle dødsulukker relaterast til feil og manglar ved vegane.

Vegtilsynet skal vere bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn. Det vil seie tilsyn med at vegeigaren, Statens vegvesen, har tilstrekkelege og effektive styringssystem som sikrar at lovpålagte krav til trafikktryggleik vert følgd.

Vegtilsynet skal prioritere tilsynsverksemda der risikoen for alvorlege ulukker er størst. Det vil til dømes vere viktig å få oversikt over ulukkesårsaker og skadegrad, og føre tilsyn med at Statens vegvesen har gode system for å lære av ulukkene.

Sjølve tilsynet vil gå føre seg som dokumentgjennomgang, intervju og inspeksjonar.

Tilsynsrapportane vil vere offentlege, og Statens vegvesen vil verte beden om å utarbeide en plan for å utbetre eventuelle funn i tilsynsrapportane.

Vegtilsynet sin visjon er «saman for trygge vegsystem». I denne visjonen ligg eit ønskje om å skape eit felles verdigrunnlag og ei felles forståing av kva trygge vegar er, og at ein i fellesskap gjer vegane trygge for alle trafikantar.

Vegtilsynet – med Voss som kontorstad – er direkte underlagt vegdirektøren. Tilsynet er markant skilt frå Statens vegvesen når det gjeld organisasjon, styring og bruk av faglege ressursar.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.